Slidre/Røn - Gjøvik Lyn, 2 - 3 ,10. september 2011
A-lag

Heimelaget stilte til start utan innbytarar og mellom ei 11 som deltok var det mange nygamle. Men det er SlidreRøn som startar best. 3 sjansar etter dei fyrste 5 minutta lyfter stemninga hjå publikum. Men GjøvikLyn har ein 100%sjanse som dei klarer å styre utanfor etter 8 minutt. Så får SR til eit praktangrep; Jon Terje Rying i vanleg overlydsfart på høgrevingen spelar til Stian, han slår  vidare til ein usedvanlig geara Jan Egil Salvesen som leverer til Albert Asbjørnsen: 1 – 0 (9 min). PRAKTANGREP OG AVSLUTNING.

Midtbanen beheld grepet på midtbanen der Stian Fossnes og Jan Egil Salvesen er presis på pasningar og leverer gode ballar til høgre og venstre. GjøvikLyn satsar alt på bakromsballar til sine raske vingløpere, men både Bjørn Erik Johnsen og Einar Ranheim har kontroll bak.

Etter kvarteret krigar Jon Terje Rying kraftig med ein Gjøvik-spelar, men vert tackla, og det minner mykje om straffespark, men dommaren er ikkje samd.

GjøvikLyn kjem meir og meir med i spelet og etter 22 minutt lukkast dei nesten, men headinga går metern over mål. 3 minutt seinare ny sjanse som vert sendt til himmels.

På midtbanen er Jon Teodor sterk og vinn svært mange duellar og stoggar fleire overgangar frå GjøvikLyn, men Lyn pressar og etter 35 minutt klarar dei endeleg å lage mål: 1 – 1, og det går berre 3 minutt til så får dei nok ein stor sjanse, men effektiviteten er dårleg, og ved pause står det 1 – 1.

I andre omgang aukar GjøvikLyn farten frå fyrste stavtak og pressar heimelaget kraftig. SlidreRøn får ein liten pause når Stian Fossnes får ta frispark, og med velkjent presisjon er det nesten mål for SR. I den påfølgjande overgangen leverer Olav Brenna Hansen ei klasseredning, og det påfølgjande hjørnesparket vert heada 10cm over.

12 minutt ut i omgangener det noko klabb og babb i Lyn-forsvaret og alle trur dommaren har blåast eller skal blåsa, men Fredrik Solberg lukkar øyrene og plasserer ballen i mål: 2 – 1. GjøvikLyn-spelarane er sjølvsagt usamde og klarer å prate på seg 1 gult kort.

2 minutt etter er Olav god å ha, og serverer ei ny praktredning etter at Lyn-spissen er åleine med keeper. Men minuttet seinere kjem eit kanonskot frå Lyn: 2 -2.

Resten av omgangen er GjøvikLyn dominerande, og Olav Brenna Hansen får gang på gang kraftige utfordringar. Bortelaget kjem til mange avslutningar, men mål vert det ikkje før etter 32 minutt når ein forsvarar frå heimelaget er litt for sein i klareringa og sender ballen i eige mål: 2 – 3 til GjøvikLyn.

Og sjølv om SlidreRøn er på sporadiske vitjingar hjå GjøvikLyn er det sistnemnde som lagar sjansane, og to ganger smell det i stengene, i tillegg til nokre gode klareringar av heimekeeperen.

Men kampen endar med 2- 3 tap for SldireRøn

For publikum var det en svært sjåverdig og spanande kamp, og heimelaget kunne med litt hell teke både 1 og (kanskje) 3 poeng, og det mot eit av topplaga. Vi trur på fleire poeng i haust

 

GODLAGET i dag:

OLAV BRENNA HANSEN

EINAR RANHEIM, OLA MASDAL, GJERMUND BERGER, BJØRN ERIK JOHNSEN

FREDRIK SOLBERG,

STIAN FOSSNES, ALBERT ASBJØRNSEN, JON TEODOR LYSTER, JAN EGIL SALVESEN

JON TERJE RYING

Utviklet av Røn Solutions