Søndre Land - Slidre/Røn 1-3 ,17.september
A-lag

Det tok knapt 1 minutt før Jon Terje Rying byrja å herje med Søndre Land. Og før det har gått 5 minutt har bortelaget skapt 4 halvgode sjansar, og på tribunen har heimesupportarane alt tømt glaset med valium.

Søndre Land kjem seg  etter kvart framover, og prøver på nokre løp på høgrevingen, men i midtforsvaret ryddar Ola og Jøran i stor stil. Etter 15 minutt får dei frispark, som vert teke raskt og SR er ikkje i balanse, men skotet går høgt over. 5 minutt seinare syner SlidreRøn ein klasseovergang og brått er Rying åleine med keeper, men utrulig nok går ballen i stanga og ut.

Kampen jevnar seg etter kvart ut og spelet bølgjer frå side til side og etter 26 minutt får Søndre Land ein tvilsom corner som resulteter i eit skot som går 30 cm over Olav Brenna Hansen i Slidreburet. Og 5 minutt seinare er det med nød og neppe at han ikkje slepp inn ein ganske våt og sleip ball, men SlidreRøn-supportaren på tribunen slepp med skrekken.

Bortelaget er utruleg kontringsvillige i dag. Raske og til tider presise overganger skaper problem hjå Søndre Land. 10 minutt før pause resulterer arbeidet i frispark som Stian Fossnes legg presist til Ola Masdal som kontant trykker ballen i nota: 0 – 1. Legg på 3 minutt og Jan Egil Salvesen lobbar ballen over keeper, men den landar diverre på tverrliggjaren.

I siste ordinære speleminutt får Stian på ny høve til å ta frispark og der dukkar Jon Teodor Lyster opp: 0 -2. Og når Olav Brenna Hansen reddar skotet  i det påfølgjande angrepet kan vi gå til pause med 2-0 leiing.

I andre omgang snur det. Søndre Land går ut i 100 og pressar voldsomt. Rett nok scorer Jon Toedor Lyster etter 2 minutt, men målet vert korrekt annulert grunna off-side. Men bakerst er det Olav som får største jobben. Men etter 12 minutt får Søndre Land løn for strevet: 1 – 2.

Det er ikkje berre bortelaget som slit no. Linjedomaren har også sine problem. Etter kvart får SlidreRøn levert ballar til midtbanen og kjempar seg dermed tilbake i kampen. Lyster viser muskler og sender fleire heimespelarar i bakken til høge skrik.

28 minutt ut i omgangen viser Søndre Land flott spel og berre ein opplagt Jøran Ytterdal  gjer at det ikkje vert utligning. Og Søndre land held fram, men avslutningane er altfor dårlege, og mot spelets gang kan Fredrik Solberg gje 3 – 1 til SlidreRøn etter mykje rot i forsvaret. Kanskje kan dette målet syna seg å bli eit av dei viktigaste måla i denne sesongen?

10 minutt før slutt er det kanonade mot Olav Brenna Hansen; skot i tverrliggjar og 2 klasseredninger på 2 minutt. Og 3 minutt på overtid prøver Jon Terje Rying seg på ein lobb, men målvakta er akkurat høg nok til å hindre scoring.

Eit regntungt og sleipt banedekke får ta skulda for at vi ikkje fekk sjå finspelet. Men sigeren var velfortent og 3 mål på bortebane er eit nytt døme på at SlidreRøn er verdt ein plass i divisjonen. Om 1 veke skal dei møte jumboen Ihle på bortebane, og då kan laget klatre over nedrykkstreken. Det er i alle høve duka for mykje spaning framover

LAGET:

OLAV BRENNA HANSEN

EINAR RANHEIM, OLA MASDAL, JØRAN YTTERDAL, BJØRN ERIK JOHNSEN

STIAN FOSSNES,, JON TEODOR LYSTER, JAN EGIL SALVESEN, ARNE THOR THORSSON

JON TERJE RYING, FREDRIK SOLBERG,

INNBYTE: ALBERT ASBJØRNSEN

Utviklet av Røn Solutions