Slidre/Røn - Redalen, 2 - 3 ,1. oktober 2011
A-lag

SlidreRøn starta kampen offensivt og etter snau 3 minutt er det like før Ola Masdal scorer etter flott lagt corner frå Albert Asbjørnsen. Og heimelaget pressar Redalen bakover dei 10 fyrste minutta, men eit kjapt og kontringsviljug Redalen får det fyrste målet etter 10 minutt.

Spelet bølgjer frå side til side, og Redalen sine raske vingar er giftige når dei får høve til kontringar. Etter 15 minutt skyt dei like til sides for SlidreRøn-buret. 4 minutt seinare glepp det i midtforsvaret, men til all lukke klarer Redalen å plassere ballen på utsida av målet.

Redalen overtek etter kvart kontrollen på midtbanen. Fysisk sterke spelarar vinn dei fleste duellane, og er flinke til å sende ballar i bakrommet og skaper gang på gang problem for forsvarsfirarn.

Men SlidreRøn har eit farleg våpen i ein styggrask og skuddsikker Jon Terje Rying. Fleire gonger held han leikestove med Redalen-forsvaret og etter 38 minutt kan han elegant knalle inn utligninga: 1 -1. Dette er også pauseresultatet.

Etter pausen startar Redalen eit voldsomt press mot SlidreRøn og tek leiinga 2- 1 etter 3 minutt. For øvrig eit klassisk vakkert angrep: ball i bakrom med presist innlegg og kontant heading i mål. 10 minutt seinare vert Jon Terje spelt fri, men ei tvilsam offside-avblåsing hindrar utlikning. Men sjansen er også starten på eit meir offensivt heimelag. Og etter 20 minutt er det klart for utlikning ved Jon Terje Rying. Utlikning gjer eit løft for heimelaget, men Redalen er giftige når dei for ballen, og produserer svært mange nesten-sjansar.

Like før halvtimen er gått får Bjørn Erik Johnsen høve til å syne fram frisparkfoten. Flott servering til Jon Terje Rying som frispelar Albert Asbjørnsen, men eit stygglangt Redalen-bein hindrar mål. Og dei fleste reknar vel kampen som avgjort, men 2 minutt før slutt er det ein Redalen-spelar som syner fram frisparkfoten og høgast i 16metern er ein annan Redalen-spelar som scorer sikkert til 3- 2 som også vert sluttresultatet.

Det var nok ein del spelarar som meinte SlidreRøn hadde fortent uavgjort. Positivt er det i alle fall at laget er fullt på høgde med eit lag som høyrer heime på øvre del av tabellen. Neste laurdag kjem Gran på vitjing, og det er ein svært viktig kamp og dersom SlidreRøn er på same nivå som i dei siste kampane blir det 4.divisjonsfotball også neste år

LAGET:
OLAV BRENNA HANSEN

AUDUN ØYGARD, OLA MASDAL, GJERMUND BERGER, BJØRN ERIK JOHNSEN

ARNE THOR THORSSON, ALBERT ASBJØRNSEN, JON TEODOR LYSTER, JAN EGIL SALVESEN

JON TERJE RYING,FREDRIK SOLBERG

INNBYTTE: EINAR RANHEIM

ref. P.Løberg

Utviklet av Røn Solutions