Slidre/Røn - Snertingdal, 0 - 0 , 9. oktoberer 2011
A-lag

Det var ein snødekka bane som møtte spelarar, dommarar og publikum, men det vart fort semje om atdet kunne bli kamp.

Og SlidreRøn viste seg fort som det stødigaste laget på den sleipe og uberegnelege matta. Dei tok kommandoen og flytta laget opp på Gran banehalvdel. Etter 13 minutt blir Tommy Aanensen lagt i bakken på 17 meter etter eit flott innlegg frå Jan Egil Salvesen. Frisparket går i mål, men dommaren annulerer av di Grans mur har bevega seg før frisparket gjekk. Stian Fossnes får prøve på ny, men skotet går såvidt over tverrliggjaren. 5 minutt seinare kjem Gran på ein kjapp overgang, men Tommy Aanensen ryddar unna til hjørnespark.

SlidreRøn beheld kommandoen og på midtbanen serverer Stian Fossnes gang på gang på gang intelligente pasningar, men underlaget gjer det vanskeleg for spissane å få til avslutningar.  Dermed ebbar omgangene ut med 0 – 0.

Andre omgang startar med eit velkjent løp frå Jon Terje Rying, men Gran har ei målvakt som også beherskar underlaget. Like etterpå prøver Bjørn Erik Johnsen, men heller ikkje han klarer å få nettkjenning. Midtbanen held fram med å dominera, og Stian Fossnes og Jan Egil Salvesen finn gode medspelarar i Albert Asbjørnsen og Anders Nysveen. Men mål vert det ikkje. Det nærmaste er Stian som etter 39 minutt er like ved å heade inn den fortente scoringa.

Men Slidre/Røn ser ut til å fortsatt ha fornya kontrakt i divisjonen med dette resultatet. Snertingdal slo Biri og endde med like mange poeng som SR. SR har bedre målforskjell enn Snertingdal. Kampen mellom Vang og Gjøvik/Lyn blei avslyst om blir mest sannsynlig spilt i løpet av neste uke. Dersom ikke Vang vinner denne kampen er vi på sikker plass. Skulle Vang slå GL, ender vi som det beste tredjesiste laget i 4.divisjon noen desimalpoeng foran Rena. Vi har derfor klart oss i 4.divisjon.

LAGET:

OLAV BRENNA HANSEN

AUDUN ØYGARD, OLA MASDAL, JØRAN YTTERDAL, BJØRN ERIK JOHNSEN

ANDERS NYSVEEN, ALBERT ASBJØRNSEN, STIAN FOSSNES, JAN EGIL SALVESEN

JON TERJE RYING,TOMMY AANENSEN

INNBYTTE: FREDRIK SOLBERG

Utviklet av Røn Solutions